TEMPO FK


FOTBALL


DIVERSE

 

 

    

 
Hovedsponsor
 

Sunnfjord Auto Cup

Tempo FK sitt smågutelag var i helga deltakar på FSK sin Sunnfjord autocup. Dette er ei ny turnering som forhåpentlig vis blir ein årlig tradisjon. Trenar Arne Varpe var i utgangspunktet skeptisk til å delta fordi turneringa ikkje hadde reine årsklassar. Smågutane til Tempo består av spelara fødde i 95 – 96. Klassen vi måtte delta i på denne turneringa var 94 – 95. Dvs. at dei yngste spelarane kom til å møte spelara som var 2 år eldre.

I innleiande kamp fredag mot FSK 3 såg vi rask eit skilje, Første kamp tapte Tempo 16 – 0.

Andre kampen gikk laurdag morgon mot Frøya frå Hordaland. Tempo fikk i denne kampen ein pangstart. Etter 15 minutt leia vi 3-0 som blei resultatet til pause. Men i andre omgong såg vi eit klart skilje i fysikk og kondisjon. Frøya hadde større og eldre spelara som etter kvart fikk full kontroll over kampen. Sluttresultatet blei 3 – 6 til Frøya. Den tredje kampen blei ein reprise av innleiande kamp. Tempo spelte mot FSK 4 som vant 0-15. Siste kamp laurdag var mot Norheimsund 2. Dette blei ein jamn kamp der stillinga var 1 – 1 til pause. Norheimsund var mest uthaldande og fikk etter kvart inn det avgjerande målet. Sluttresultat 3 – 2 til Norheimsund.

Søndag møtte Tempo Bergen Nord i B-sluttspelet. Dette blei ein jamn kamp der Tempo leia 1 – 0 til pause. Rett etter oppstart i andre omgong la Tempo på til 2 – 0. Men dessverre blei dette også ein kamp der spelarane etter kvart blei trøtte og upresise. Norheimsund som var større og sterkare kom sterkt mot slutten og vant kampen 2 – 3.

Artikkelen fortsetter under bildet

Oppsummering :
Ei fin turnering som vi håper blir ein årlig tradisjon i Florø. Sjølv om tapa i einskilde kampar blei tosifra beheld spelarane humøret og samhalde. For å sleppe dei store skilnadane i resultata ved seinare turneringar oppfordrar vi arrangør til å køyre reine årsklassar. Takk til trenara og spelara for god innsats.

Terje
Oppmann.