Hovedsponsor
|
|
Selje Cup 2008
Tempo sitt smågutelag storspelte på Selje stadion i helga og tok med seg finaleseier i B- sluttspelet.
Det blei ei hektisk, men begivenhetsrik helg for smågutane til Tempo som reiste til Selje cup i helga. Etter innleiande rundar laurdag blei Tempo nummer 3 i gruppa og gikk vidare til B-sluttspelet. Søndag møtte dei først Selje i semifinalen der dei vant med 4 -1. Finalen mot Herd frå Ålesund skulle bli meir spennande enn det som var sunt. I pausen var stillinga 3 - 1 til Herd. Men Tempo hadde ikkje gitt opp. Laget kjempa som aldri før og klarte i løpet av 10 minutt å innhente leiinga Herd hadde skaffa seg. Dermed var det nerve i kampen igjen og finalen skulle avgjerdast på golden goal. Tempo fikk ein corner som Steffen Bjørnset satt rett i vinkelen og jubelen ville ingen ende ta, Tempo var finalevinnar!.
Det var ei fin helg i Selje med nydelig vær for uteaktivitetar. Det blei tid mellom kampane til å sjå på utsikten på Vestkapp og surfarane i Ervika på Stadlandet. Dette er ei fantastisk oppleving både for ungane og oss som er med som leiarar. Tusen takk til arrangørane av Seljecup og ikkje minst til lagets trenara Arne Varpe og Åsmund Nesbø som gir ungane denne muligheita.

|