TEMPO FK


FOTBALL


DIVERSE

 

 

    

 
Hovedsponsor
 

Før seriestart.

Seriestarten for fotball i Sogn og Fjordane er like om hjørnet. I den samanheng er det på sin plass å sjå på nokre av utfordringane fotballen i fylket står ovanfor.

Klubbane i Sogn og Fjordane har gjennom mange år vore dyktige på spelarutvikling. Dette kjem til uttrykk gjennom at vi i fleire tiår har hatt mange spelarar på aldersfastlagde landslag. I høve folketal har vi vore overrepresentert, spesielt på gutesida, over lang tid. Grunnane til det er fleire men mykje av forklaringa ligg i at klubbane er flinke til å differensiere tilbodet til spelarar som ønskjer å bli gode. Her er hospitering på lag i høgare klassar og tilbod om ekstra trening i klubbane viktige faktorar.

Ein annan faktor ein ikkje skal underslå er at våre spelarar kjem tidleg i kontakt med seniorfotballen som følge av at vi ikkje har juniorserie i fylket. Samstundes er det og eit poeng at mange av dei eldre spelarane ikkje spelar fotball etter dei har passert 30 år. Det er påtagande få spelarar over 30 på seniorlaga våre. Dette åpnar sjølvsagt for at yngre spelarar får sjansen tidligare enn i andre delar av landet.

Når dette er sagt så er det ikkje alltid at god spelarutvikling gjer god aktivitetsutvikling i klubbane. For å behalde flest mogeleg spelarar lengst mogeleg i fotballen må klubbane ha eit sterkt fokus også på bredden, ikkje bare på spelarutvikling.

Sogn og Fjordane fotballkrets har opplevd ein sterk vekst i antall lag og spelarar i barnefotballen opp til og med 12 år. I desse klassane er vi best i landet i forhold til antall spelarar i høve folketal. Denne veksten seier oss at mykje av utfordringa i klubbane i dag ligg i kvaliteten på det arbeidet klubbane gjer i desse klassane. Her er skulering av trenarar eit avgjerande punkt. Dersom vi skal behalde spelarane oppover i klassane er utdanna og skulerte trenarar i barnefotballen heilt avgjerande. Ein utdanna trenar klarar rimelig sikkert å gjere treningane meir interessante og gjevande enn ein som ikkje har kompetanse i det å trene ungar.

Fotballkretsen har eit utall av kurs og temakveldar som går på utdanning og skulering av trenarar. Dette er heilt i frå grunnleggande temakveldar som tar opp korleis ein skal drive hensiktsmessig trening for ungar til meir omfattande trenarkurs som gjev trenarkompetanse høgare oppe i klassane.

Utifrå påmeldingane til fotballkretsen sine seriar i 2008 så har vi fått eit fråfall i ungdomsklassane. Dette kjem sjølvsagt noko av at nokre ungdomar innser at fotball ikkje er det dei ønskjer å bruke tida si på men og på grunn av at klubbane stiller for høge krav til deltaking på trening og kamp. Eit differensiert trenings og kamptilbod saman med skulerte trenarar og leiarar er avgjerande for å behalde så mange spelarar som mogeleg i fotballen.

Norges fotballforbund sin visjon er ”Fotball for alle”. Det betyr at alle som på eit eller anna nivå ønskjer å spele fotball skal få eit tilbod i klubben sin. Dersom det betyr at ein spelar kun ønskjer å trene ein gong i veka pluss kamp så skal spelaren få lov til det. Kampforma i ungdomsklassane er ein ting klubbane må ta på alvor. Det er i Sogn og Fjordane ikkje like mykje status å spele 7-ar fotball som 11-ar fotball. Vi opplever at 7-ar seriane ikkje er like populære som 11-ar seriar. Det er heilt sikkert mange klubbar som i påmeldinga av lag har vegd fram og tilbake om dei skal melde på eit 11-ar og eit 7-ar lag i ei klasse. I flesteparten av tilfella endar ein opp med kun eit 11-ar fordi ein er redd for å ikkje ha nok spelarar på 7-ar laget gjennom sesongen. Dette er eit problem som greit lar seg løyse internt om kommunikasjonen innad i klubben er god. Det er godt leiarskap å flytte opp nokre spelarar frå klassen under i dei kampane ein har problem med å stille nok spelarar på 7-ar laget.

Leiing er eit anna tema som stadig kjem opp i fotballsamanheng. Det er ikkje til å stikke under ein stol at klubbane i Sogn og Fjordane slit med å få tilstrekkeleg antall leiarar som tar på seg verv. Dette er ein klar bremsekloss for utviklinga av fotballen i fylket. Dersom vi skal komme eit steg vidare resultatmessig så må leiinga i klubbane gå foran og peike ut kursen for klubbane våre. Det å drive ein fotballklubb i dag stiller høge krav til leiinga av klubben. Det er fleire klubbar i Sogn og Fjordane i dag som har tilsett folk administrativt på heiltid/deltid. Dette er noko som fleire klubbar absolutt må vurdere. Det å drifte ein klubb med til dømes over 25 lag med berre tillitsvalde er bortimot umogeleg. Til det er oppgåvene for mange.

Fotballen i Sogn og Fjordane gjer eit formidabelt samfunns- og folkehelsearbeid i kommunane. Dette må klubbane dokumentere ovanfor dei styrande i kommunene. Klubbane vil i framtida ta eit enno større ansvar gjennom tiltak som til dømes ”fotball SFO” og ”Akademi”. Nokre klubbar i fylket har starta opp sånne tiltak eller ligg i startgropa for å gjere det. Aktivitetar som desse må gje større overføringar frå det offentlege til fotballen.

Mangelen på lag i 2. div herrar og 1. div kvinner er eit klart eksempel på dette. Vi må ha klubbleiarar som tørr å sette seg høge mål og som er villige til å ta konsekvensane av desse målsetningane. Dette gjeld på fleire felt enn bare det sportslege. Det å henge med i toppen av norsk fotball i dag er tids- og kostnadskrevjande. Difor er det heilt avgjerande for klubbar som ønskjer å ta steget opp i landsdekkande divisjonar at ein gjer eit godt arbeid på markedssida. Ein annan viktig del av det å være fotballeiar er planarbeid. Det gjev utvilsomt eit løft for ein klubb å ha ei handlingsplan og sportsplan for klubben. Faren med slike planar er at dei vert lagt i skrivebordsskuffen. Klubbane sine planverk må ut i alle cellene (laga) i ein klubb. Dersom dei vert levandegjort og forankra hos alle klubben sine trenarar, oppmenn og leiarar ellers så har ein eit godt utgangspunkt for å ta steg vidare som klubb.

Eit anna område som er særdeles viktig for fotballen i fylket er dommarar. Sogn og Fjordane fotballkrets treng alle dommarar vi har. Vi ønskjer å utdanne så mange nye dommarar som mogeleg. Det seier seg sjølv at utan dommarar så stoppar fotballen. Dette problemet er igjen eit ansvar klubbane må være medvitne om. Det er klubbane som finner fram til dei gode dommaremnene i eigne rekker. Fotballkretsen skal gjere det vi kan for å utdanne fleire dommarar og følgje dei opp. Vi har fleire toppdommarar i fylket og dei har vist at det ikkje er noko problem å komme frå Sogn og Fjordane og samstundes dømme både tippeliga og ute i Europa.

Det er og viktig at vaksne med fotballbakgrunn ser verdien av å ta eit dommarkurs. Ein treng ikkje ha som mål å ende opp som FIFA dommar for å ta dommarkurs. Det at vaksne utdannar seg til dommar og gjer ein jobb i eigen klubb som dommar kan avhjelpe dommarsituasjonen i kretsen monaleg.

Til slutt vil Sogn og Fjordane fotballkrets peike på kor viktig ”Fair play” er i fotballfamilien. Det handlar ikkje bare om gule og raude kort men og om korleis ein oppfører seg mot andre både i trening og kamp. ”Fair play” skal gjennomsyre all fotballaktivitet i fylket, på alle plan!

God seriestart og lukke til med fotballsesong 2008.

Per Are Verlo
Klubbutviklar SFFK